Bokomtale om boka kaninbyen.
Arild Rein er forfattaren av boka ”Kaninbyen” som handlar om byen Stavanger. I 2008 var Stavanger valt til kulturby og i den anledning blei det valt ei bok som alle i Stavanger skulle lesa. Det var da ”Kaninbyen” som blei plukka ut som den heldige vinnaren. Boka blei utgitt i 2004 og var den siste i Arild Rein sin trilogi.
Boka sin hovudperson er ein tidligare politimann Jonny Roxmann. Han mista sin jobb innan politiet på grunn av at han leia ut mora sin leilegheit til ein asiatisk prostituert. I begynninga av boka, kjøper Jonny ei brukt potetvogn. Dette er fordi han har ein plan om å tena nokon raske pengar på Gladmatfestivalen i Stavanger. Der skal han selje bakte potetar. For augeblikket bur Jonny i ein kolonihage på Egenes i Stavanger. Han blir også kjent med den asiatiske kvinna Kim. Hu kommer av og til innom Jonny for å få seg eit ligg. Jonny er nok det ein kan kalle ein tjuv og småkjeltring. Han steler bacon for å deretter selje det vidare til kundar på Gladmatfestivalen. Målet til Jonny er å få nok pengar slik at han kan dra frå Stavanger og flytte til Thailand. Der er det så billig og kvinnene er lette på tråden, meiner Jonny.
Boka handlar for det meste om livet til Jonny. Om korleis han lev i ei kolonihagen på Egenes. Mine meiningar om boka er at den kan bli litt einsformig. Det er ikkje mykje spenning sjølv om det er ein raud tråd gjennom heile boka. Det eg også la merke til var banninga. Ord som ”faen” og ”jævla” blir brukt gjennom heila boka. Dette gjør at det blir ein litt munnleg sjanger føler eg. Det at det er ein munnleg sjanger gjør det jo kjekkare å lese. Du setter deg på ein måte litt meir inn i hovudpersonen sine tankar og meinigar. Sjølv om boka ikkje innholt så mykje spenning, tenkjar eg at når boka omhandlar ditt samfunn, blir boka kjekkare å lese på grunn av at du kjennar deg igjen.
Dette er ein bok eg ikkje ville anbefalt til folk på min eigen alder. Dette på grunn av at eg syns den er for einsformig. Eg trur det også kan vera at eg er meir glad i krimbøker, som har ei stigande spenningskurve. Det at boka var på nynorsk og ikkje bokmål, har og noko med at eg ikkje likte boka så mykje. Det som var bra med boka var at boka var så kritisk til samfunnet. Det er ikkje så mange bøker som er så kritiske til ditt eiget samfunn.
Kilder:
Rein, Arild, 2004., kaninbyen, Det Norske samlaget.
Wikipedia.no, Arild Rein, Lokalisert: 17.10.2010. http://no.wikipedia.org/wiki/Arild_Rein
http://www.flickr.com/photos/46090744@N02/5391098988/sizes/s/in/photostream/
Har du lest boka, kva meinar du?
